Av: Oskar T. Brendalsmo

Ikkje heilt uventa blei underskriftskampanjen ein suksess. For meg sjølv på mi løype var det om lag fem personar som ikkje ville skrive under. To var sikre på at det var best med Arendal, og tre hadde ikkje fått nok informasjon. Over hundre personar, på mi litle avgrensa løype, ville på ingen måte gå inn i ein storkommune med Arendal. Prosentvis var dette likt på alle listene som hadde vandra rundt.

Dette er ei øving i veljarkontakt som kvar ein politikar skulle ha. Kan hende ville ein då sjå og høyra at det slett ikkje er berre det ein trur, eller at det er berre kjenslene som rår. Når ein står i fare for å mista noko, vaknar instinktet om å take vare på det vi har. Slik som dei ynskjer det i andre kommunar òg.

Det kjem òg fram under besøka på dørene at «alle» vil gjerne vere saman med både Risør, Tvedestrand og Vegårshei. Ja, mange har verkeleg òg ytra eit ynskje om at dei to kommunane vi grenser til i Telemark: Kragerø og Drangedal, ville vere gode å vere saman med. Faktisk er det mange i desse kommunane òg, – som vil slå seg saman med Risør og Gjerstad.

For om lag ti år sidan skreiv eg om kor viktig Brokelandsheia vil bli som «motor» i ei samanslåing, vi kan no sjå at dette har fokus mange stader rundt oss. Kvifor skulle vi gje Arendal dei verdiane, når eit godt samarbeid blant der nære kommunane kunne nytte seg av dette?

Underskriftskampanjen har synt oss at det er veldig mykje kunnskap bakom dørene i kommunen vår. Veljarane er opptatt av kommunen sitt ve og vel. Så får vi ha ei tru – og eit håp om, at denne kampanjen vi har fått til, vil få dei med makta til å ta omsyn til underskriftene. Tala får vi alle vita i morgon, og dei er veldig høge! Takk for det store engasjementet som har kome til oss frå alle dørene vi har banka på. Gjerstad har talt!